Sjøbuer

Marifjøra Sjøbuer er fire flotte hytter i rorbustil bygd i eigar sin hage i fjordkanten ved Marifjøra til sesongen 1996. Flott utsikt innover fjorden mot Gaupne og utover fjorden mot høge fjell og Feigumsfossen i det fjerne. Her kan du sitta på terrassen og nyta utsikten, ta turer på fjorden (robåt og påhengsmotor kan leigast og fiskeutstyr kan lånast) eller leggja opp til interessante bilutflukter i vakker og skiftande natur.Sykkel er og til utleige.

Hyttene er bygd i rekke og ligg i den vesle bygda Marifjøra, kor ein elles finn hotell, kafe` (www.torvis.no) og nokre bustadhus. Kort veg (3 km.) til Gaupne med fleire butikkar og turistkontor. Mange turmoglegheiter til fots og med bil langs fjorden og via avstikkarar til fjell og dalar, der merka stiar fører inn i mektige fjellområde i Breheimen og Jotunheimen - men også turar til kjente attraksjonar (Jostedalsbreen, Breheimsenteret, Sognefjellet, Urnes stavkyrkje).

Kvar hytte har kombinert stove / kjøken, flislagd bad med dusj / WC / varmekablar, eit soverom i 1. etg med 2 senger og eit soverom med dobbelt seng på loft. Radio, TV m/ parabol, trådløs internettilkobling, kaffitraktar, stort kombinert kjøle/fryse skåp og oppvaskmaskin. I fellesrom vaskemaskin, tørketrommel og strykejern/brett. Kvar hytte har utemøbler og utegrill. Kjøpesenter: 3 km. Parkering ved hytta.

NB! Røyking og hund ikkje tillatt i hyttene.

Vinter-og påskeferie  i samarbeid  med www.skisogn.no

Velkommen til oss!

Venleg helsing

Gunn Sofie og Per Jarle Molland

tlf. 57687405 mobil 48144309

mailto:post@rorbu.net

 



Marifjøra Sjøbuer    e-post post@rorbu.net    6873 Marifjøra    Tel 57 68 74 05 Mob 481 44 309