Velkommen til Marifjøra Sjøbuer

Marifjøra Sjøbuer er fire flotte hytter i rorbustil

bygd i eigar sin hage i fjordkanten ved Marifjøra. Flott utsikt innover fjorden mot Gaupne og utover fjorden mot høge fjell og Feigumsfossen i det fjerne. Her kan du sitte på terrassen og nyte utsikten, ta turar på fjorden eller legg opp til interessante bilutflukter i vakker og skiftande natur. Marifjøra Sjøbuer er eit godt utgangspunkt for din ferie i Indre Sogn.

 

 

Aktiviteter og Turistattraksjoner

Mange turmoglegheiter til fots og med bil langs fjorden og via avstikkarar til fjell og dalar, der merka stiar fører inn i mektige fjellområde i Breheimen og Jotunheimen

 

Vinter- og Påskeferie i samarbeid med Sogn Skisenter. Skisenteret ligg 8 km frå Marifjøra. Les meir om skisenteret på www.sognskisenter.no

 

Kajakturar på fjorden kan organiserast gjennom www.fjordseal.com

FjordSeal ligg berre 500 meter frå hyttene

 

Urnes stavkykje vart i 1979 innskriven på UNESCO si verdsarvliste og er ein svært populær turistattraksjon. Les meir om opningstider her. Kyrkja ligg på Urnes (45km), der du tar ferja frå Solvorn til Urnes.

 

Nytt badeanlegg i Gaupne (Lustrabadet) ligg berre 3 km frå Marifjøra.

Jostedalen Breførar Lag tilbyr turar på Europas største fastlandsbre, Jostedalsbreen. Bresenteret ved Nigardsbreen ligg 30 minuttar med bil frå Marifjøra og er ein populær attraksjon.

I Jostedalen kan du også finne ICETROLL som tilbyr kajakturar, samt turar på breen. Leirdalen Bre og Juv tilbyr også guida turar på breen, samt Juving i elva Jostedøla.

 

Molden gir deg kanskje den beste utsikten i heile Luster kommune. Fjellet tilbyr fantasktisk panoramautsikt over fjorden, Breheimen og Jotunheimen. Merka sti går frå Marifjøra (dagstur), men ein kan også gå frå Mollandsmarki.

 

Les meir om kva Luster har å tilby på Fjordnorge, Sognefjord or Visitnorway.

 

Kart

 

Rominndeling

Kvar hytte har kombinert stove / kjøkken, flislagd

bad med dusj / WC / varmekablar, eit soverom i

1. etg med 2 senger og eit soverom med dobbelt

seng på loft. Les meir

 

 

Båtutleige

Ta turer på fjorden (robåt og påhengsmotor kan leigast og fiskeutstyr kan lånast) eller legg opp til interessante bilutflukter i vakker og skiftande natur. Sykkel er og til utleige.

 

 

Feriehus

Eldre nyoppusa hus med stort kjøken, stor stove, nytt bad og eitt soverom i 1.etg. Fin usjenert hage med grillplass like ved huset. Parkeringsplass ved huset. Les meir.

 

 

Made by Pål Gunnar Molland